Bibliotekfilialen i Spjelkavik reddes

Etter ein overraskande koalisjon i Ålesund bystyre mellom venstresida og Frp vart det i går klart at bibliotekfilialen i Spjelkavik ikkje skal leggast ned. Både biblioteksjefen og NBF har kjempa mot forslaget.

Ålesund kommune har eit hovudbibliotek i Ålesund og ein filial i Spjelkavik. Rundt halvparten av kommunens innbyggarar soknar til filialen, men likevel vart han foreslått nedlagt for å spare pengar. Biblioteksjef i Ålesund, Mariann Schjeide, har engasjert seg i saka, og med på laget har ho også hatt Norsk Bibliotekforening. Leiar i NBF Møre og Romsdal, Vigdis Kjørvik Ødegård, hadde torsdag eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten (les heile innlegget nedanfor), og saman med leiar i NBF, Ingeborg Rygh Hjorthen, har ho sendt brev til politikarane i kommunen.

Bystyret i Ålesund bestemde torsdag kveld at filialen skal bevarast. Det såg ein stund ut som om bibliotekbudsjettet skulle kuttast med ein million kronar, men etter eit forslag frå Arbeiderpartiet og SV vert det ”berre” kutta med 800 000 kronar. Dette forslaget fekk fleirtal då Frp gjekk mot tidlegare samarbeidspartnarar i Høgre og stemde for Ap og SV sitt forslag. Les om saka på Sunnmørspostens nettstadar.

NBF er nøgd med at bibliotekfilialen vart redda, men vil kjempe vidare for at biblioteket ikkje skal verte nedprioritert. Om du kjenner andre saker som NBF bør engasjere seg i, kontaktar du lokalavdelinga eller spesialgruppa di. Norsk Bibliotekforening skal engasjere seg for bibliotekbrukarar og bibliotekpolitikk, og er avhengig av å få høre om kva som skjer!

Lesarbrev i Sunnmørsposten 6. desember 2012.Sats på kunnskap, Ålesund!

BUDSJETT. Å tilby gode bibliotektenester er ei kommunal oppgåve. Innbyggjarane har krav på eit godt bibliotektilbod. Ved å fremje forslag om å avvikle Spjelkavik bibliotekfilial eller kutte nærare1million kroner i driftsutgiftene til filialen sender Ålesund kommune signal om at dei er for små for denne oppgåva.

Det er mange kommunar som ser seg nøydde til å leggje ned sine bibliotekfilialar, men som regel er det då snakk om vesentleg mykje mindre lokalsamfunn. 20.000-25.000 menneske, altså ca halvparten av innbyggjarane i kommunen, soknar til Spjelkavik filial. Ålesund er ein langstrakt kommune, og Spjelkavik er eit tett befolka område. Filialen står for halvparten av Ålesund bibliotek sitt totale utlån til barn.

Ein bør ikkje undervurdere biblioteket si rolle som samfunnsaktør. Folkebiblioteka er sjølvsagt ein stad å låne bøker, og tilgang til eit breitt spekter av litteratur er mellom anna eit viktig ledd i utviklinga av god lesedugleik.

Men biblioteket er så mykje meir enn det. Barn og unge får innføring i kjeldekritikk og øver opp informasjonskompetanse. Vaksne får hjelp til deltidsstudiar og vidareutdanning. Eldre får kjennskap til PC/Internett og klarer å ivareta sine demokratiske rettar i eit digitalt samfunn. Biblioteka vert stadig viktigare som ikkje-kommersiell møteplass og arena for kulturelle opplevingar. Biblioteka følgjer med på og tilpassar seg den digitale utviklinga, men tek også vare på ein trend i tida, nemleg behovet for «ikkje-nedlastbare» opplevingar.

Gjennom å satse på gode bibliotektenester satsar kommunen på framtida. I ulike undersøkingar om vurdering av dei offentlege tenestene scorar biblioteka høgt. Ingen andre kommunale tenester kan måle seg med folkebiblioteka når det gjeld forholdet mellom ressursinnsats og bruk. Denne moglegheita for å tilby mykje for lite pengar er Ålesund kommune no i ferd med å avvikle.

Det felles slagordet til biblioteka i Møre og Romsdal er «Ei verd av draum og fakta». Biblioteket rommar fritid, flukt og fantasi, men også kunnskapsutvikling og innovasjon. Satsing på bibliotek er å støtte opp under livslang læring og lokalt nærings- og samfunnsliv – for dei kommunane som vel å satse på kunnskap. Den beskjedne økonomiske gevinsten ved å leggje ned Spjelkavik filial eller kutte i bibliotektilbodet må sjåast i samanheng med kva tenester store deler av innbyggjarane i kommunen mister. Sjølv med kniven på strupen og krav om å halde strenge budsjettrammer må ein finne formålstenelege løysingar og ikkje spare seg til fant. Eller er Ålesund kommune i ferd med å bli for liten til å gi folket det dei har krav på?

VIGDIS KJØRVIK ØDEGÅRD
leiar i Norsk bibliotekforening
Møre og Romsdal