Kven fortener Bibliotekprisen for Møre og Romsdal 2017?

Norsk bibliotekforening, avdeling Møre og Romsdal skal på årsmøtet 20. september under Bibliotekdagane i Ålesund, dele ut Bibliotekprisen for Møre og Romsdal 2017. 

Kven vil du nominere?

Prisen vert tildelt ein person, institusjon eller organisasjon som har utvikla, synleggjort eller på annan måte fremja biblioteka og arbeidet deira i fylket på ein spesielt god måte.
Send eit forslag med ei kort forklaring av kvifor nett den du nominerer fortener prisen.

Forslag skal sendast til torgeir-brun@live.no innan 6. september.

For styret i Norsk bibliotekforening, avdeling Møre og Romsdal
Torgeir Brun
Fungerande leiar