Stipend til deltaking på landsmøte og Det 76. norske bibliotekmøte

14.–16. mars i år vert Det 76. norske bibliotekmøte avhalde i Sandefjord. På møtets fyrste dag vert landsmøtet til Norsk bibliotekforening gjennomført. Dette ynskjer vi at medlem frå Møre og Romsdal skal deltake på.

Vi utlyser difor eitt stipend på inntil kr. 5000,– til ein personleg medlem eller ein utsending frå medlemsinstitusjonane. Stipendet må nyttast til å deltake på landsmøtet, men kan elles disponerast fritt til dei andre programpostane under bibliotekmøte.

Bibliotek som til vanleg ikkje kan sende tilsette på liknande kurs eller personlege medlem som vanlegvis ikkje fer, vert prioritert.

Send søknad til leiar innan 15. februar.