Kanditatar til bibliotekprisen for Møre og Romsdal 2018

 

BIBLIOTEKPRISEN FOR MØRE OG ROMSDAL 2018
Innbyding til å kome med forslag

Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal (NBF MR) skal dele ut Bibliotekprisen for Møre og Romsdal 2018.

Prisen vert tildelt ein person, institusjon eller organisasjon som har utvikla, synleggjort eller på anna måte fremja biblioteka og arbeidet deira i fylket på ein spesielt god måte. Her vil det verte lagt vekt på mellom anna resultat og aktivitetar, nytenking og synleggjering med meir.

Tidlegare mottakarar av Bibliotekprisen for Møre og Romsdal:
2003 Sula bibliotek
2003 Aud Folkestad
2004 Grete Thingnær
2005 Kristiansund folkebibliotek
2006 Anne Hustad
2007 Eivind Hasle
2008 Haram folkebibliotek
2009 Lise Bull
2012 Bokbåten Epos
2015 Ellen K. Molvær

Under årsmøtet til Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal i 2010 vart det vedteke at berre foreininga skal dele ut Bibliotekprisen, altso ikkje lenger i samarbeid med fylkesbiblioteket. Det vart seinare vedteke at prisen skal delast ut annakvart år. Prisen har ein verdi på kr. 4.000,–.

Vi oppmodar no om å kome med kandidatar til prisen for 2018.

Jury er styret i Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal.

Vi beder om at forslag med grunngjeving vert sendt til norskbibliotekforeningmr@gmail.com innan 15. august 2018.

Beste helsing
Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal
Torgeir Brun
Leiar