Kanditatar til bibliotekprisen for Møre og Romsdal 2020

BIBLIOTEKPRISEN FOR MØRE OG ROMSDAL 2020

Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal (NBF MR) skal dele ut Bibliotekprisen for Møre og Romsdal 2020.

Prisen vert tildelt ein person, institusjon eller organisasjon som har utvikla, synleggjort eller på anna måte fremja biblioteka og arbeidet deira i fylket på ein spesielt god måte. Her vil det verte lagt vekt på mellom anna resultat og aktivitetar, nytenking og synleggjering med meir.

Tidlegare mottakarar av Bibliotekprisen for Møre og Romsdal:

2003    Sula bibliotek

2003    Aud Folkestad

2004    Grete Thingnær

2005    Kristiansund folkebibliotek

2006    Anne Hustad

2007    Eivind Hasle

2008    Haram folkebibliotek

2009    Lise Bull

2012    Bokbåten Epos

2015    Ellen K. Molvær

2018    Bjørg Moltu

Under årsmøtet til Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal i 2010 vart det vedteke at berre foreininga skal dele ut Bibliotekprisen, ikkje lenger i samarbeid med fylkesbiblioteket. Det vart seinare vedteke at prisen skal delast ut annakvart år. Prisen har ein verdi på kr. 4.000,–.

Vi oppmodar om å kome med kandidatar til prisen for 2020.

Jury er styret i Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal.

Forslag med grunngjeving kan sendast til norskbibliotekforeningmr@gmail.com innan:

28. februar 2020.

Beste helsing
Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal
Mona Iren Auganæs
Leiar